KJEMI nr. 3 - 2026

25 KJEMI 3 2026 Nettstaden Til lærarkurset utvikla me over 60 stasjonsark til utforskingsstasjonar. Desse tenkte me at kan ha verdi for lærarar som skal undervise både kjemi og naturfag, derfor samla me dei som ein eigen nettressurs. Fordi mesteparten av arbeidet me gjorde var retta mot kursinnhaldet, la me ikkje mykje arbeid ned i å skrive utfyllande informasjon om kvar stasjon. Det vil seie at ein ikkje må rekne med å finne steg-for-steg instruksjonar i korleis ein lager kvar stasjon, men det bør vera nok informasjon til å gjenskapa stasjonane. For kvar stasjon er det ei side på nettstaden kor stasjonsarket ligg som pdf-fil. Desse filene kan ein laste ned og fritt kopiere frå eller bruke som dei er. I tillegg til pdf-en har me på dei fleste stasjonane skrive eit avsnitt om Ting å merke seg. Der har me skrive opp erfaringar me har gjort oss, ressursar me har brukt når me har designa stasjonen, merknadar om ting å tenke på i risikovurderinga av stasjonane, og så vidare. Når det gjeld risikovurdering, har me på forsida av nettstaden skrive at det er viktig at kvar enkelt lærar «må vurdera sjølv kva som er trygt å gjera i sitt klasserom, med sine elevar, og med dei ressursane og fasilitetane dei har tilgjengeleg.» Me har derfor ikkje skrive nokon ferdiglaga risikovurderingar av kvar enkelt stasjon. Mange av stasjonane inneber lågare risiko enn det ein handterer på eit vanleg skulekjøkken, mens andre krev mykje strengare vurderingar før ein tar det med seg i klasserommet. Det at stasjonen ligg ute på nettsida må ikkje tolkast som ein blanko godkjenning på at dette kan gjennomførast i alle klasserom. Korleis nytte seg av materialet på nettsida Det er fleire måtar du kan nyte ressursane på nettsida. Du kan bruka dei som ei kjelde til utforskingsstasjonar til din eigen 5E-undervisning, eller til engasjer-aktivitetar. Nettsida kan òg brukast som eit utgangspunkt til demonstrasjonar, elevaktivitetar eller meir strukturerte elevforsøk. Sidan mange av stasjonane bruker relativt lett tilgjengelege og ufarlege materiale og kjemikalie går det òg an å bruke fleire av dei som utgangspunkt for heimeaktivitetar eller eksperiment elevane kan prøva ut heime. ● Referanser [1] F. Oppenheimer, «A Rationale for a Science Museum,» Curator, vol. 11, nr. 3, pp. 206-209, 1968. [2] C. Chiaverina, «Discovery Science,» 09 april 2026. [Internett]. Available: http://www.discoveriescience.com/ [3] R. W. Bybee, J. A. Taylor, A. Gardner, P. Van Scotter, J. C. Powell, A. Westbrook og N. Landes, «The BSCS 5E Instructional Model: Origins and Effectiveness,» BSCS, Colorado Springs, 2006. [4] B. Knutsen, «Utforskende arbeidsmåter i biologi,» i Biologididaktikk, P. van Marion og A. Strømme, Red., Oslo, Cappelen Damm Akademisk, 2015. [5] H. Bakke og E. Munkebye, Økologi for grunnskolelærerutdanningen, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2016. [6] K. Fiskum og M. Korsager, «5E-modellen i utforskende undervisning,» Naturfagssenteret, 9 august 2017. [Internett]. Available: https://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=2049135. [Funnen 29 april 2026]. [7] «BSCS Science Learning,» 7 april 2026. [Internett]. Available: https://bscs.org/about/anchored-inquiry-learning/ [8] I. Mestad og S. D. Kolstø, «Using the Concept of Zone of Proximal Development to Explore the Challenges of and Opportunities in Designing Discourse Activities Based on Practical Work,» Science Education, vol. 98, nr. 6, pp. -1076105, 2014. [9] L. M. Madsen, R. H. Evans og J. Bruun, «Undersøgelsesbaseret undervisning: 6F modellen, dens tilblivelse og udvikling i Danmark,» MONA - Matematik- og Naturfagsdidaktik, vol. 1, pp. 26-45, 2020. [10] L. M. Brevik, G. B. Gudmundsdottir, P. N. Aashamar, R. L. S. Barreng, K. Dodou, G. Doetjes, K. M. Hartvigsen, O. E. Hatlevik, N. E. H. Mathé, A. Roe, H. Siljan og R. B. S. o. M. L. Suhr, «Å jobbe utforskende på Vg1 og Vg2. Den enkelte lærers undervisning har mer å si enn fagenes egenart,» Universitetet i Oslo, 2023. Ideen bak stasjonane er at dei skal vera laga av materialar som er lette å få tak på. Dei fleste materiala får ein tak på i vanlege matbutikkar, jernvarebutikkar og liknande. "

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy