KJEMI nr. 3 - 2026

23 KJEMI 3 2026 elevane vidare, og vurdering er såleis ein integrert del av modellen. Ei bru mellom formell og uformell undervisning Ei utfordring for lærarar er å finne og lage gode utforskingsstasjonar som passar til temaet ein skal undervise. For mange tema, kanskje særleg innan fysikk og matematikk, kan ei vitensenterutstilling vera til hjelp. Dette gjer at 5E-modellen passar godt som ei bru mellom den formelle undervisninga i klasserommet og uformelle undervisningsarenaer som museum og vitensenter. Men det er ikkje alle som har tilgang på eit vitensenter, det er ikkje sikkert temaet som skal verte undervist er dekka av dei musea og vitensentera i regionen, og langt i frå alle lærarar har moglegheit til å ta med elevane ut av klasserommet på denne måten. I tillegg til at vitensentera kanskje ikkje er tilgjengeleg for læraren, er kjemi eit vanskeleg fag å presentera i permanente utstillingar, derfor kan det trengast andre ressursar for at denne undervisningsmodellen skal fungere godt og vera enkel å bruka i kjemiundervisninga. For å løysa dette laga me i 2023 eit lærarkurs i lag med Bjørn Eidem frå Thora Storm vidaregåande skule i Trondheim som me kalla Leikande kjemi. Målet med kurset var å vise fram læringsmodellen, i lag med døme på utforskingsstasjonar innan ulike tema frå kjemi. Me stilte ut over 60 ulike stasjonar, fordelt på tema som analyse, termodynamikk, redoksreaksjonar, syrer og basar, med meir. Ideen bak stasjonane er at dei skal vera laga av materialar som er lette å få tak på. Dei fleste materiala får ein tak på i vanlege matbutikkar, jernvarebutikkar og liknande. Til kvar stasjon bruker me, etter modell frå kursa til Chris Chiaverina, eit stasjonsark som forklarer korleis ein kjem i gang med å utforske stasjonen. Desse stasjonsarka, i lag med litt informasjon om korleis stasjonen er satt opp, har me dokumentert på ei nettside: https://sites.google.com/view/ leikande-kjemi. Stasjonsarka me laga til lærarkurset inneheld meir informasjon enn stasjonsark til elevar. Me har delt lærararka i tre delar:  «Prøv dette» er instruksjonane til elevane. Dette er som regel spørsmål som skal leia elevane i gang med å utforske utstyret.  «Kva skjer» er våre kommentarar til lærarane på kurs, eller som nytter nettressursen. Dette skal vera eit slags hurtigoppslag om fenomenet, men ikkje nødvendigvis ei veldig djup eller komplett forklaring.  «Ta det vidare» er nokon av våre idéar til korleis læraren kan nytte stasjonen vidare. Dette kan vera idéar til korleis ein kan gjera stasjonen om til eit meir fullverdig forsøk, men det kan òg vera idéar til korleis stasjonen kan varierast eller korleis ein kan lage ein til stasjon om same fenomenet. Nokon av stasjonsarka våre har berre dei to første av desse tre delane. Når me har slike stasjonar med elevar er det kun den første av desse tre delane som ligg framme for elevane. Det er ikkje meininga at dei skal få nokon forklaringar i denne fasen av økta. Stasjonane skal gje elevane erfaringar om at eit fenomen finst og korleis det kjem til syne, og forhåpentlegvis gje dei eit behov for å forklare fenomenet. Figur 3: Ein stasjon frå tema "Kjemiske bindingar". Foto: Jærmuseet Figur 4: QR-kode med lenke til nettressursen

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy