22 KJEMI 3 2026 I denne artikkelen vil me først gå gjennom kva denne læringsmodellen går ut på, så vil me seie litt om korleis me har bygd opp materialet til utforskingsstasjonar knytt til ulike kjemitema, og vidare seie litt om den nettressursen me laga til dette, kor alle stasjonane er dokumentert. 5E-modellen Læringsmodellen dette innhaldet er basert på blir kalla 5E-modellen [3]. Han har fått namn etter dei fem fasane han er bygd opp av, engagement, exploration, explanation, elaboration og evaluation. Modellen er meir utdjupande forklart på norsk i andre kjelder [4] [5] [6], og har òg vore utvikla til eit større rammeverk for forankra utforskande læring. [7] Den overordna idéen er å gje læraren ein struktur til å planlegge utforskande undervisning. Engage – engasjer Ein demonstrasjon, ein aktivitet, eit tankevekkande spørsmål, eit filmklipp. Det er ingen fasit på nøyaktig kva engasjer-fasen skal bestå i, men han skal starte ein samtale om tema som skal undervisast. I denne fasen skal ein prøve å vekke elevanes interesse for tema og samtidig kartlegge kva elevane kan frå før, og kanskje avdekke misoppfatningar dei har om tema. Alle spørsmål eller ueinigheiter elevane måtte ha, bør trekkast fram som eit grunnlag for dei neste fasane. Derfor trengst dei ikkje å adresserast eller svarast på i denne fasen. Explore – undersøk eller utforsk1 I denne fasen skal elevane utforske tema eller ei problemstilling. Det er to ting me ser at ofte er krevjande for læraren i denne fasen. Det eine er å finne gode måtar å utforske tema på, den andre er å avstå frå å gje elevane forklaringar. Lærarens rolle i denne fasen skal vera å støtta elevane i deira arbeid. Det vil seie å legge til rette, definere rammer, og kanskje gje rettleiing og retning i undersøkingane. Gode måtar å arbeide på kan til dømes vera gjennom ekskursjonar eller forsøk. Me bruker utforskingsstasjonar som modell for denne fasen. Ein utforskingsstasjon består av litt utstyr og ei forklaring av korleis utstyret er tenkt brukt. Stasjonen skal visa fram eit fenomen, eller ei side av eit fenomen. Innanfor kjemi har me til dømes laga stasjonar om indikatoreffekt i krydder, kromatografi med tusjar, maillard-reaksjonar i brødristaren og mykje meir. På nettressursen, som det er lenke til lenger nede i artikkelen, finn du fleire eksempel på slike stasjonar. Explain – forklar Dette er fasen kor elevane sine erfaringar skal samlast og diskuterast. Samanhengane skal koma fram og eventuelle misoppfatningar eller kvardagsførestillingar skal ryddast opp i. Dette kan gjerast både gjennom samtalar og diskusjon, skriftlege arbeid og oppgåveløysing. Denne fasen er viktig for å utnytte alt det ein har investert av innsats i utforskingsfasen. Når elevane skal sette ord på det dei har funne ut, bør dei få bruke sine eigne formuleringar og sitt eiget språk [8]. Tydeleggjering av vitskapeleg språk og omgrep kan presiserast seinare i fasen, eller i utvid-fasen. Læraren hjelper elevane med å reflektere over tema og sjå samanhengar, samanliknar forklaringar og argumentasjon og gjer tilbakemeldingar. Extend – utvid I denne fasen får elevane moglegheit til å utvide og fordjupe sine forståingar av tema. Elevane bygger vidare på kunnskapen sin ut frå det nivået dei er på og kan til dømes vidareutvikle sine omgrep og ordforråd. Eller dei kan finne svar på spørsmål dei har, til dømes ved å utføre forsøk eller lese og skrive om det. Målet er at dei skal få ei breiare og djupare forståing, men òg at dei skal få øve seg i å ta utgangspunkt i sin eigne kunnskap og utvide sitt kunnskapsgrunnlag på eiga hand. Evaluation – vurdering Denne fasen er ikkje nødvendigvis ein eigen, separat fase. Ein av dei kommentarane me høyrer ofte frå lærarar som har med elevane i utstillingane på vitensenteret er at det gir dei ein moglegheit til å sjå elevane på ein ny måte og i ein ny setting enn det dei ofte gjer på skulen. I alle fasane av 5E-modellen er læraren sine observasjonar av elevane eit grunnlag for korleis ein rettleier Figur 2: 5E-modellen omsett til norsk. Henta frå naturfag.no [6]
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy