KJEMI nr. 3 - 2026

21 KJEMI 3 2026 Utforskande undervisning har i mange år vore ein hjørnestein i korleis vitensentera driv sine utstillingar og si formidling. Frank Oppenheimer – litlebror til atombomba sin far og mannen bak det som ofte blir peika på som eit av dei aller første vitensentera, Exploratorium i San Fransisco – meinte at å forklara vitskap og teknologi utan rekvisittar var litt som å læra nokon å symje utan nokon gong å sleppe dei nær vatn. [1] Dette er det vitensentera er bygde på: ein arena der ein kan oppleva og utforska vitskaplege og teknologiske fenomen. Sjølv om dei tidlege vitensentera blei bygde for eit generelt publikum, så er i dag skuleverket ein av dei viktigaste målgruppene våre. Dei fleste utstillingar blir framleis bygde for det generelle publikum, men me er alltid opptatt av korleis me kan vera til støtte for skulesektoren. Både med utstillingar, undervisningsopplegg og lærarkurs. I Jærmuseet, som er regionalt vitensenter for sørvestlandet, har me i fleire år hatt eit nært samarbeid med den tidlegare leiaren i den amerikanske fysikklærarforeininga, Chris Chiaverina. Han kjem til oss ein gong i året og held ein kursserie som heiter Leikande fysikk. [2] Desse kursa har vore svært populære blant lærarar, mykje fordi dei legg opp til praktisk arbeid som kan tas rett inn i klasserommet. Chiaverina arbeida i mange år sjølv med ein læringsmodell som blir kalla 5E-modellen, og han har utvikla ei rekke praktiske utforskingsstasjonar som passar inn i denne modellen. Etter å ha arrangert mange slike kurs i fysikk melde spørsmålet seg: går det an å gjere det same for kjemi? Å designe mange praktiske stasjonar der elevar kan erfara kjemiske fenomen som dei så kan bygge sin kjemi- kunnskap på? Praktisk, utforskande og elevaktiv kjemiundervisning I denne artikkelen viser me ein nettresurs me har laga og ein læringsmodell som kan nyttast for å legga til rette for praktisk utforskande undervisning i kjemiklasserommet. Av Fredrik Motland Kirkemo og Ida Soland Thu, Jærmuseet / Vitensenteret i Sør-Vest Figur 1: To lærarar utforskar indikatoreffekt i ulike krydder. Foto: Jærmuseet

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy