KJEMI nr. 5 - 2019

1 4 K J E M I 5 2 0 1 9 Stjernestøv – kjemi i farta er eit omreisande tilbod for 7. trinnselevar som har turnert i Trøndelag i høve 150-års jubileet for periode- systemet i 2019. Namnet på prosjektet speler på at dei fleste grunnstoffa er laga ved ulike kjernefysiske prosesser i stjerner, og at dei blir spreidde ut i verdsrommet som støv når stjernene dør. I løpet av våren har heile 472 elevar ved 22 skular i 12 kommunar fått besøk av universitetslektorane Unni Eikeseth frå Institutt for lærarutdanning og Ingeborg Berg frå Skolelaboratoriet/Institutt for fysikk. Dei to har turnert frå Røros i sør til Namsos i nord i ein elbil fylt med grunnstoff og kjemiutstyr. I undervisingsopplegget blir elevane kjent med grunnstoffa på ein litt annan måte enn vanleg. Etter å ha fått utdelt frakk og briller blir elevane raskt introdusert for to grunnstoff som har vore kjent for mennesket i fleire tusen år; sølv og kopar. Snart sit elevane snart bøygd over ein liten pose med ein kopartråd i sølv­ nitrat og studerer dei merkelege krystallane som veks ut på kopartråden. Kan det vere rust, irr eller mugg, lurer elevane på. Når elevane finn ut at det er sølvkrystallar som blir danna vil dei gjerne ha med seg posen heim. Ved å kjenne på vekta til ein liters blokker av magne- sium, aluminium og jern som blir sendt rundt i klasserommet, får elevane erfare at sjølv om metall kan sjå like ut har dei ulike eigenskaper. Vekta på jernblokka, 7,8 kilo, overraskar etter at elevane har løfta lettvektaren magnesium med berre 1,7 kilo. Den store utfordringa er likevel blokkene med bly og gull som står framme på eit bord. Elevane blir fortalt at det ikkje er sikkert dei klarar å løfte desse, og dei blir spurd om kva for eitt av dei to som veg mest. Sidan får dei sjølvsagt prøve å løfte metalla, og det er alltid svært overraskande at gull veg så mykje meir enn bly. Når det gjeld gull har vi riktignok måtte juksa litt. Her er det kun overflata som er gull, sjølv om vekta er riktig. Blyet er innpakka i plast for å avgrense eksponering. I undervisingsopplegget blir elevane også introdusert for eit metall som smeltar ved overraskande låg temperatur. Ei skei av metallet gallium blir til ein stor drope flytande metall i eit begerglas med varmt vatn. For prosjektgruppa for periodesystemets år ved NTNU har det vore viktig at elevane blir Grunnstoffa på turné «Oj, får vi frakkar og briller? Vi blir jo akkurat som forskarar!» Dette er gjerne reaksjonen når sjuendetrinnselevar møter undervisingsopplegget Stjernestøv – kjemi i farta frå NTNU. Unni Eikeseth, Institutt for lærerutdanning, NTNU Stjernestøv-bilen: Universitetslektorane Unni Eikeseth og Ingeborg Berg frå NTNU har turnert i Trøndelag våren 2019 i ein elbil fylt med spennande grunnstoff. Foto: NTNU.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy