Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  10 / 32 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 10 / 32 Next Page
Page Background

10

KJEMI

5

2013

Overrekkinga av prisen vart markert i

Tromsø i forbindelse med XXXVIII

Colloquium Spectroscopicum Inter­

nationale

(http://site.uit.no/csi2013/

).

Æresprisen, som utgjer NOK 20.000, vart

tildelt av leiar i Faggruppe for Analytisk

Kjemi, Elin Gjengedal. Tildelinga vart

markert med eit invitert foredrag av pro-

fessor emeritus Freddy Adams, The

University of Antwerp, Belgia.

Yngvar Thomassen er utdanna cand.

real. frå Universitetet i Oslo i 1973. Han

har hovudfag i kjemi, spesialretning analy-

tisk kjemi. Sidan 1976 har han vore tilsett

ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, der han i

dag er forskingssjef for kjemi ved avdeling

for kjemisk og biologisk arbeidsmiljø.

Sidan 2004 har Thomassen vore knytt til

Universitet for Miljø- og Biovitskap, Ås,

gjennom ei stilling som professor II.

Professor Thomassen sin vitskaplege

produksjon tel om lag 160 publikasjonar i

internasjonale tidskrift med fagfellevurde-

ring. Eit søk i ISI Web of Knowledge ga i

2013 ein h-indeks på 32. Tidleg fokuserte

han på atomspektrometri og andre spektro-

metriske metodar for bestemming av es-

sensielle og toksiske grunnstoff med særleg

vekt på elektrotermisk atomabsorpsjons-

pektroskopi. Seinare har han hovudsakelg

nytta induktivt kopla plasma teknikkar,

både optisk og høgoppløyseleg masse­

spektrometri, som reiskap for å karakteri-

sere yrkeseksponering. Han har eit utstrakt

samarbeid med forskingsmiljø i Norge og

utlandet. Sidan han vart uteksaminert frå

Universitetet i Oslo i 1973 har han halde

om lag 275 foredrag, der av 105 inviterte,

på større internasjonale konferansar og

symposia. Han har publisert i tverrfaglege

samarbeid med forskarar frå alle kontinent

med unntak av Australia. Hovudtyngda av

publiserte arbeid er utført i samarbeid med

land i aust, særleg Russland.

Thomassen har hatt ei rekkje verv. Han

har teke del i redaksjonsråd for vitskap­

lege tidsskrift; The Analyst, Analytical

Communication and Scandinavian Jour­

nal of Work, Environment and Health,

Journal of Environmental Monitoring,

Journal ofTrace Elements inMedicine and

Biology. Han var i perioden 1983-91

medlem i IUPAC (internasjonal organi-

sasjon for rein og anvendt kjemi),

Commission on Toxicology, og sidan

2011 i Analytical Chemistry Division. I

IUPAC initierte han utvikling av sertifi-

sert referansematerialer for kroppsvæs-

ker som ledd i å kvalitetssikre kvantitativ

bestemming av spormengder av grunn-

stoff og organiske metabolittar.

Gjennom meir enn 20 år har Yngvar

Thomassen initiert og teke ansvar for å

arrangere faglege konferansar i norsk eller

nordisk regi. Han er medlem i organisa-

sjonskomitear og rådgjevar for konferan-

sar i utlandet, men har også plassert

Norge på kartet ved å ta ansvar for å ar-

rangere store internasjonale konferansar

i Norge, innan analytisk kjemi, miljø og

biologiske fagområder. Han var seinast

16.-20. juni 2013 leiar for organisasjons-

komiteen for XXXVIII Colloquium

Spectroscopicum Internationale – Eit

vellukka arrangement der tilreisande

også fekk oppleve midnattssola og stor-

slagen norsk natur.

Norsk Kjemisk Selskap – faggruppe for Analytisk Kjemi:

Ærespris til Yngvar Thomassen

Norsk Kjemisk Selskap – Faggruppe for Analytisk Kjemi sin Ærespris vart 18. juni 2013 tildelt

professor Yngvar Thomassen på bakgrunn av forsking av høg internasjonal kvalitet, utdanning

av studentar innan analytisk kjemi, og for hans mangeårige innsats som drivkraft for ei rekkje

nasjonale, nordiske og internasjonale konferansar.

Ærespris til Yngvar Thomassen.

(foto: János Fucskó)

Posterpriser

NKS-FAK hadde også gleden av å dele ut posterpriser til unge

forskere, masterstudenter og stipendiater innen analytisk kjemi.

Prisene gikk til LauraTrapiella-Alfonso (Department of Physical

and Analytical Chemistry, University of Oviedo) for posteren

«Development of a QuantumDot-based Immunoassay for Screening

of Tetracyclines in Bovine Muscle» og til Esperanza Garcia Ruiz

(Department of Analytical Chemistry, University of Zaragoza) for

posteren «Direct Determination of Bromine in Plastic Meterials by

means of Solid Sampling High-Resolution Continuum Source

Graphite Furnace Molecular Absorption Spectrometry».

I følge CSIs formålsparagraf er målet med konferansen som

arrangers cirka annenhvert år «to bring together spectroscopists

on a worldwide scale to stimulate contacts and exchange of

experiences». Årets CSI oppfylte så langt undertegnede kan be-

dømme sin formålsparagraf på en riktig god måte.